Forsiden    Om oss    Om gården    Vedtekter    Kontakt oss
 
Vedtekter

1. GENERELT 
Osterøy Gårds & Friluftsbarnehage A/S vert eigd og driven av Tommy Lohne og Eli Hovden Raknes. Barnehagen vert driven i samsvar med Lov om barnehagar.
Barnehagen er for born i alderen 1 – 6 år.

2. MÅL FOR BARNEHAGEN
Barnehagen har som mål å gje borna eit trygt og godt miljø, med vekt på leik og samvær med andre born og vaksne. 
Barnehagen skal gje borna rom for utvikling gjennom passande aktivitetar, i nær forståing og samarbeid med borna sin heim. 
Barnehagen skal gje borna gode opplevingar i samvær med husdyra, i stell av ulike vekstar og gjennom aktiv bruk av naturen i og omkring barnehagen. 
Barnehagen vil skapa forståing for omsorg og stell av dyr og plantar. 
Barnehagen skal baserast på kristne og humanistiske grunnverdiar, som og er fellesverdiar i samfunnet. 
Barnehagen skal drivast i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter.

3. SAMARBEIDSUTVALET (SU)
Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet skal i samarbeid med styrar sjå til at barnehagen vert driven i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningsliner. Samarbeidsutvalet skal kunna uttala seg om saker som er viktige for drifta av barnehagen.
Samarbeidsutvalet skal ha 4 medlemar; 1 representant for eigarane, 2 representantar for foreldra og 1 frå dei tilsette. Foreldrerepresentantane vert vald av foreldra, representant for dei tilsette vert vald av dei tilsette.
Medlemane i SU vert valde for eitt år om gongen. SU vel sjølv sin leiar og sekretær. Styrar har møte-, tale- og forslagsrett, og kan fungera som sekretær for utvalet dersom utvalet ynskjer det. Kvar medlem har ei stemme. Leiaren vil ha dobbeltstemme dersom ein elles ikkje oppnår semje i ei sak.
Samarbeidsutvalet skal ha minst eitt møte kvart år, og elles når medlemane i utvalet finn det naturleg.

4. FORELDRERÅD (FAU)
Foreldrerådet omfattar foreldra til alle borna i barnehagen. Rådet skal fremja samarbeid mellom heim og barnehage. Foreldrerådet vel to representantar til SU. Det skal haldast minst 2 møter i FAU kvart år.

5. TEIEPLIKT
Alle som gjennom sitt arbeid med barnehagen, td. eigarar, tilsette, utvals- og rådsmedlemar, har teieplikt. Jfr. Lov om barnehagar § 16, og Forvaltningslova § 13 og § 13 a-f.

6. OPPTAK AV BORN
Opptak av born vert i oppstartsåret 2005 gjort av barnehageeigar i samarbeid med styrar, etter avtale med Osterøy kommune. I oppstartsåret vert det gjort fortløpande opptak fram til opning 1. august 2005. Frå og med 2006 vil barnehagen prøva å gjennomføra felles opptak med dei andre barnehagane i Osterøy kommune.
Opptaksområde er Osterøy kommune med omland.

7. OPPSEIING AV PLASS
Oppseiing av plass i barnehagen skal vera skriftleg og med 3 månaders oppseiingstid.
Sluttdato kan ikkje vera i tidsrommet 15. april – 15. august.
Dette er vedteke for å unngå innkøyring av nye born medan personalet avviklar sin sommarferie. Avgjerda fører til at utmelding som skjer etter 15. januar ikkje vert rekna som gjeldande før 15. august, og at plassen må betalast fram til denne datoen.

8. BETALING
Barnehagen nyttar avtalegiro, og beløpet vert trekt forskotsvis den 1. i kvar månad.

9. AREALUTNYTTING
Barnehagen fyller krava til leike- og opphaldsareal.

10. DRIFT
Barnehagen har heilårsdrift. Opningstida er frå kl. 07.00 – 17.00.
Alle barn skal ha minst 4 veker ferie gjennom året, der min. 3 veker skal vera samanhengande. Brukarane kan sjølv bestemma kva tid ferie skal avviklast, men barnehagen skal informerast i god tid på førehand.
Barnehagen er stengt julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag.
Barnehagen er stengt på personalet sine 5 planleggingsdagar.
Det vert venta at foreldre som har born i barnehagen skal yta ein dugnad pr. barnehageår.

11. SJUKDOM
Sjuke born skal haldast heime frå barnehagen.

12. EIGAR SITT MYNDE OG PLIKTER
Eigar og styrar står for tilsetjing av personale, og utarbeidar stillingsinstruks for dei.
Styrar står for opptak av born i samarbeid med eigar (2005). Frå 2006 føreset ein at opptak skjer samordna med Osterøy kommune. Hovudopptak er i mars.
Eigar fører økonomien og er økonomisk ansvarleg.

 
  Søknadsskjema  
  Søknad om plass sendes til: Osterøy gårds og friluftsbarnehage A/S,
5281 Valestrandsfossen
Trykk på link for skjema
  Last ned ...
 
Forsiden | Om oss | Om gården | Vedtekter | Kontakt oss