Om Osterøy gårds og friluftsbarnehage

Osterøy gårds og friluftsbarnehage er eigd av Eli Hovden Raknes og Tommy Lohne.  Barnehagen opna 1.august 2005. Me har 38 heiltidplassar for born i alderen 1-6 år. Barnehagen ligg på ein gard på Vevle, mellom Lonevåg, Haus og Valestrand  i Osterøy kommune.

Me ynsker å ha ein barnehage litt utanom det vanlige. Her får borna vera i kontakt med forskjellige dyr og ha store område for leik i naturen. Me har natur rundt oss på alle kantar, med ulike utfordringar for store og små, til alle årstider. På garden har me for tida to grisar, høns og marsvin. Me har og fleire naturleikeplassar i nærområdet, desse brukar me mykje. 

Me har potet- og grønsaksåker, frukttre og bærbusker. Me brukar det me dyrkar til matlaging, gjerne over bål ute, eller i den store, flotte lavvoen me har like i nærområdet.


Barna er delt i to hovudgrupper: Ekornbarna 1 – 3 år og Hakkespett 3 – 6 år. 

Desse gruppene deler me inn i mindre grupper, nokon faste over tid og andre litt meir ut frå aktivitet og interesser.

Hakkespetter er i hovudsak ei friluftsgruppe som har store delar av dagen sin ute i nærområdet eller i lavvo, men alle gruppene, både store og små er ute store delar av dagen.

tilsette

Våre tilsette

Eli

Eigar og styrar i barnehagen

Unni

Pedagogisk medarbeidar

Cynthia

Pedagogisk medarbeidar

Aud Synnøve

Pedagogisk medarbeidar

Adelheid

Pedagogisk leiar

Marion

Barnehagelærar

Malin

Pedagogisk leiar

Camilla

Barne- og ungdomsarbeidar (Barnehagelærar på dispensasjon)

Malin H

Pedagogisk leiar

Ingrid

Barne – og ungdomsarbeidar

Tonje

Barne – og ungdomsarbeidar

Ta kontakt med oss

Kontakt oss!

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Scroll to Top