Vedtekter

EIGARTILHØVE
Osterøy Gårds & Friluftsbarnehage A/S vert driven som eit aksjeselskap, eigd av Tommy Lohne og Eli
Hovden Raknes.
Barnehagen er godkjent for born i alderen 1 – 6 år.

  1. LOVVERK
    Barnehagen vert driven i samsvar med Lov om barnehagar, gjeldande forskrifter og retningsliner, samt
    planar for barnehagen.
  2. FØREMÅL
    Barnehagen skal vera ei pedagogisk tilrettelagt verksemd.
    § 1. Lov om barnehagar:
    Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og
    fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på
    grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og
    naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk
    i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.
  3. SAMARBEIDSUTVAL (SU)
    Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval, jfr. § 4 i Lov om barnehagar. SU er sett saman slik:
    Foreldre/føresette vel to representantar, tilsette vel ein representant, og eigarane ein representant.
    Dagleg leiar/styrar har møte og talerett i SU.
  4. FORELDRERÅD (FAU)
    Barnehagen skal ha eit foreldreråd, jfr. § 4 i Lov om barnehagar.
    Forskriftene seier korleis foreldrerådet skal setjast saman og kva oppgåver det har.
    Foreldrerepresentantane i SU utgjer arbeidsutvalet (FAU) i foreldrerådet.
  5. TEIEPLIKT
    Alle som gjennom sitt arbeid med barnehagen, td. eigarar, tilsette, utvals- og rådsmedlemar, har
    teieplikt. Jfr. Lov om barnehagar § 20, og Forvaltningslova § 13 og § 13 a-f.
  6. INNTAK I BARNEHAGEN
    Barnehagen er med i samordna hovudopptak i Osterøy kommune. Søknad til hovudopptak skjer innan
    fastsett dato, elektronisk via Osterøy kommune sine heimesider. For søknad om plass utanom
    hovudopptak kan ein kontakta barnehagen direkte før ein søkjer elektronisk via Osterøy kommune sine
    heimesider.
    Når ein takkar ja til plass i barnehagen har barnet full plass fram til skulestart, eller til plassen vert sagt
    opp.

Inntakskriterium

  • Born med nedsett funksjonsevne jfr.§ 13 Lov om bhg.
  • Born som det er fatta vedtak om etter Lov om barneverntenester jfr. Lov om barnehagar §13
  • Personalbarn skal prioriterast
  • Søsken av born som går i barnehagen skal prioriterast
  • Eldre barn skal prioriterast
  • Opptaksområde er Osterøy kommune med omland.
  1. OPPSEIING/REDUKSJON AV PLASS
    Når eit barn har fått tildelt plass i barnehagen, har det plass til det byrjar på skulen, eller til plassen vert
    sagt opp.
    Oppseiing av plass i barnehagen skal vera skriftleg. Oppseiingstida er 2 månader, rekna frå den 1. i kvar
    månad.
    Dersom plassen vert sagt opp etter 1. april vil ein måtta betala for plassen ut juni månad.
    Ved ny plass: Dersom ein har fått plass og seier opp plassen etter 15. mai, må ein betala for heile august.
  2. OPNINGSTIDER, FERIE OG PLANLEGGINGSDAGAR
    Barnehagen har opningstid frå kl. 07.00 – 17.00. I samarbeid med foreldra kan ein redusera opningstida
    til 16.30, dersom behovet for lengre opningstid ikkje er til stades. Når behovet igjen er til stades aukar
    ein opningstida igjen.
    Denne avtalen skal ikkje føra til nedsett arbeidstid/bemanning, men vera med og styrka bemanninga
    midt på dagen.
    Barna skal ha 4 veker ferie gjennom året, der minimum 3 veker skal vera samanhengande.
    Barnehagen er feriestengt dei tre siste vekene i juli, samt på personalet sine 6 planleggingsdagar.
    Juli er betalingsfri månad og dekkjer ferie og planleggingsdagar gjennom året.
    Barnehagen er stengt julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag.
    Dersom det er for få påmelde i feriar eller delar av feriar, kan barnehagen stengja.
    Dersom dette vert aktuelt, skal foreldre/føresette få vita om det snarast råd.
  3. FORELDREBETALING og moderasjonsordningar
    Satsane følgjer maksprisen som vert regulert og vedtatt i Stortinget. Frå august 2024 er prisen kr 2000.-
    per månad. Familiar med fleire barn i barnehagen får 30% avslag for andre barnet og tredje barnet går
    gratis.
    Det kan og søkjast om gratis kjernetid og/eller moderasjon ut frå inntekt via kommunen sine heimesider.
    Matpengar kjem i tillegg til prisen for barnehageplassen og skal dekka mat/kost til sjølvkost. Frå august
    2024 er matpengane kr 320.-per månad. Dette dekker lunsj, fruktmåltid og drikke 4 dagar i veka.
    Dei barna som et frukost i barnehagen har mat med heimanfrå, og ein dag i veka har alle barna med mat
    og drikke til heile dagen heimanfrå.
    Barnehagen nyttar normalt avtalegiro, og beløpet vert trekt forskotsvis den 15. i kvar månad. Skal det
    nyttast annan betalingsmåte, må dette avtalast i kvart enkelt tilfelle.
    Etter 2 – to – veker vert det purra første gang.
    For skriftleg purring vert det lagt til purregebyr. Rente ved forseinka innbetaling er 12 % jfr. “Lov om
    forseinka betaling” av 17.12.76. og “Lov om inkasso” av 13.08.88. nr. 26 med forskrift.
  4. AREALUTNYTTING
    Barnehagen sine krav til leikeareal er sett til 5,3 m2 for born under 3 år og 4,0 m2 for born over 3 år. For
    friluftsgruppa er arealet sett til 3,5 m2 per barn.
  5. DUGNAD
    Foreldre som har born i barnehagen skal yta ein dugnad pr. barnehageår.
  6. SJUKDOM
    Sjuke barn skal haldast heime frå barnehagen. Personalet har til ei kvar tid gjennom dagen mynde til å
    vurdera om barnet sin tilstand tilseier at det må hentast heim. Barnehagen følgjer FHI sine
    smittevernreglar og anbefalt karantenetid ved smittsame sjukdomar.
  7. EIGAR SITT MYNDE OG PLIKTER
    Eigar og styrar/dagleg leiar står for tilsetjing av personale, og utarbeidar stillingsinstruks for dei.
    Opptak av nye born skjer samordna med Osterøy kommune ved hovudopptaket i mars, jfr. Lov om
    barnehagar, § 7a. Styrar tar seg av prioritering og opptak, i samarbeid med eigar. Eigar fører økonomien
    og er økonomisk ansvarleg.

Endra vedtekter trer i kraft frå 01.08.2024

Scroll to Top