Om gården
Garden er ikkje i ordinær drift. Dyra på garden tilhøyrer barnehagen.
Me har per idag to grisar, høns, kaninar og marsvin. Dette vil endra seg undervegs, nokon forsvinn og andre kjem til. Borna deltar aktivt med kos og stell av dyra, noko dei viser stor glede over.
Me dyrkar litt poteter og grønsaker saman med borna, samt at me har epletre og bærbusker som borna er ivrig med og haustar.
Garden ligg fint til midt i naturen, med store muligheiter for eit aktivt friluftsliv. Den store lavvoen vår gjer at me store delar av dagen kan nytta naturen til leik og aktivitetar, uansett vér.
|
|