Osterøy Gårds og Friluftsbarnehage A/S
|

Vevle
|

5281 VALESTRANDSFOSSEN
|

Tlf 56394557
|

post@friluftsbarnehage.no

Osterøy gårds
og friluftsbarnehage AS

Aktuelt

Her kjem aktuelle meldingar.

VEDTEKTER

1. EIGARTILHØVE

Osterøy Gårds & Friluftsbarnehage A/S vert driven som eit aksjeselskap, eigd av Tommy Lohne og Eli Hovden Raknes. Barnehagen er godkjent for born i alderen 1 - 6 år.

2. LOVVERK

Barnehagen vert driven i samsvar med Lov om barnehagar, gjeldande forskrifter og retningsliner, samt planar for barnehagen.

3. FØREMÅL

Barnehagen skal vera ei pedagogisk tilrettelagt verksemd.

§ 1. Lov om barnehagar:

Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.

4. SAMARBEIDSUTVALET (SU)

Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval, jfr. § 4 i Lov om barnehagar. SU er sett saman slik:

Foreldre/føresette vel to representantar, tilsette vel ein representant, og eigarane ein representant. Dagleg leiar/styrar har møte og talerett i SU.

5. FORELDRERÅD

Barnehagen skal ha eit foreldreråd, jfr. § 4 i Lov om barnehagar. Forskriftene seier korleis foreldrerådet skal setjast saman og kva oppgåver det har. Foreldrerepresentantane i SU utgjer arbeidsutvalet (FAU) i foreldrerådet.

6. TEIEPLIKT.

Alle som gjennom sitt arbeid med barnehagen, td. eigarar, tilsette, utvals- og rådsmedlemar, har teieplikt. Jfr. Lov om barnehagar § 20, og Forvaltningslova § 13 og § 13 a-f.

7.INNTAK I BARNEHAGEN.

Barnehagen er med i samordna hovudopptak i Osterøy kommune. Søknad til hovudopptak skjer innan fastsett dato, elektronisk via Osterøy kommune sine heimesider, eller direkte til barnehagen. Søknad om plass utanom hovudopptak kan sendast på barnehagen sitt søknadsskjema eller elektronisk via Osterøy kommune sine heimesider. Barnet har plassen fram til skulestart, eller til plassen vert sagt opp. Foreldre/føresette med barnehageplass har rett til å auka plassen før ein tek inn nye born til ledige plassar. Ved ledig kapasitet gjennom året, kan det kjøpast enkeltdagar. Desse kostar 200 kr pr. dag.

INNTAKSKRITERIUM:

  • Born med nedsett funksjonsevne jfr.§ 13 Lov om bhg.
  • Born som det er fatta vedtak om etter Lov om barneverntenester jfr. Lov om barnehagar §13
  • Eldre born skal prioriterast framføre yngre.
  • Søsken av born som går i barnehagen skal prioriterast dersom andre kriterium er like.
  • Opptaksområde er Osterøy kommune med omland.

8. OPPSEIING/ REDUKSJON AV PLASS

Når eit barn har fått tildelt plass i barnehagen, har det plass til det byrjar på skulen, eller til plassen vert sagt opp. Oppseiing/reduksjon av plass i barnehagen skal vera skriftleg. Oppseiingstida er 2 månader, rekna frå den 1. i kvar månad.

Sluttdato kan ikkje vera i tidsrommet 1.juni - 1. august.

Oppseiing som skjer etter 1.april vert ikkje rekna som gjeldande før 1. august, og plassen må betalast fram til denne datoen.

Ved ny plass: Dersom ein ynskjer reduksjon eller seier opp plassen etter 15. juni, må ein i august betala for avtalt tid.

9. OPNINGSTIDER

Barnehagen er open heile året. Opningstida er frå kl. 07.00 - 17.00. Alle barn skal ha minst 4 veker ferie gjennom året, der min. 3 veker skal vera samanhengande. Brukarane kan sjølv bestemma kva tid ferie skal avviklast, men barnehagen skal informerast i god tid på førehand.

Barnehagen er stengt julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag.

Barnehagen er stengt på personalet sine 5 planleggingsdagar.

Dersom det er for få påmelde i delar av feriar, kan barnehagen stengja. Dersom dette vert aktuelt, skal foreldre/føresette få vita om det snarast råd.

10. FORELDREBETALING

Satsane frå 01.08.2015 er slik:

Kr 2580.- for 5 dagar i veka

Kr 2390.- for 4 dagar i veka

Kr 2190.- for 3 dagar i veka

Matpengar kjem i tillegg til dette.

Turpengar for born 3 - 6 år kjem i tillegg.

Barnehagen nyttar normalt avtalegiro, og beløpet vert trekt forskotsvis den 15. i kvar månad. Skal det nyttast annan betalingsmåte, må dette avtalast i kvart enkelt tilfelle.

Etter 2 - to - veker vert det purra første gang.

For skriftleg purring vert det lagt til kr. 50 i purregebyr. Rente ved forseinka innbetaling er 12 % jfr. "Lov om forseinka betaling" av 17.12.76. og "Lov om inkasso" av 13.08.88. nr. 26 med forskrift.

Etter 2 - to - månader kan Osterøy Gårds og Friluftsbarnehage A/S seia opp plassen gjeldande frå 1. i månaden etter.

Søskenmoderasjon:

Det vert gjeve søskenmoderasjon jfr. Forskrift om foreldrebetaling, 2005-12-16 nr. 1478, §3: 30 % for det 2. barnet og 50% for det 3. barnet som har plass. Reduksjonen gjeld det barnet som har kortast opphaldstid i barnehagen.

11. AREALUTNYTTING

Barnehagen fyller krava til leike- og opphaldsareal.

12. DUGNAD

Foreldre som har born i barnehagen skal yta ein dugnad pr. barnehageår.

13. SJUKDOM

Sjuke born skal haldast heime frå barnehagen. Personalet har til ei kvar tid gjennom dagen mynde til å vurdera om barnet sin tilstand tilseier at det må hentast heim.

14.EIGAR SITT MYNDE OG PLIKTER

Eigar og styrar/dagleg leiar står for tilsetjing av personale, og utarbeidar stillingsinstruks for dei.

Opptak av nye born skjer samordna med Osterøy kommune ved hovudopptaket i mars, jfr. Lov om barnehagar, § 7a. Styrar tar seg av prioritering og opptak, i samarbeid med eigar. Eigar fører økonomien og er økonomisk ansvarleg.

Vedtektene trer i kraft frå 01.08.2011.

Endringar trer i kraft frå 01.01.2014

        Rediger